Folkeaksjonen sikker E16 Nærøydalen - Skulestadmo

Meir om Folkeaksjonen

Me ser at E16 mellom Skulestadmo og Nærøydalen druknar litt i blesten og politisk engasjement som ein del andre vegstrekningar skapar. Sjølv om strekninga er ein viktig og nødvendig del av stamvegen mellom Oslo og Bergen, og sjølv om årsdøgntrafikken har passert 4000 køyretøy. Over 700 tunge køyretøy passerer gjennom Vossestrand kvart døgn. Lokalsamfunna på Sundve, Vinje og Oppheim har hatt aksjonar for å få sikker veg, og stortingsrepresentantar frå Venstre, Høgre og Frp har tidlegare sagt at den trafikkfarlege strekninga E16 frå Sogn grense til Voss skulle prioriterast.

Vegen var inne i Nasjonal Transportplan med 400 mill. kr. Så vart denne summen redusert til 200 mill. kr ved revisjon av planen i 2014. I gjeldande transportplan er summen fjerna! Eit klart løftebrot. Det er freistande å seia at dette skjer fordi Vossestrand ikkje har mange veljarar og manglar betalte lobbyistar, og heller ikkje har ei olje- og laksenæring som krev prioritering...

Trafikken aukar år for år, og ikkje minst er delen tungtransport skremmande stor på denne vegen. Vegen er mange stader i elendig forfatning, og spesielt vinterstid kan det rett og slett vera livsfarleg.

Folkeaksjonen for sikker veg mellom Voss og Sogn grense skal hjelpa til med å synleggjera kor trafikkfarleg og ueigna vegen er for dagens gjennomgangstrafikk. Det er trass alt ikkje berre ein lokal veg. Det fleire mil av den viktigaste vegen mellom dei to største byane i landet.