Folkeaksjonen sikker E16 Nærøydalen - Skulestadmo

På tide med ei Strandaløysing for E16

I desse dagar er det venta framlegg til kommunedelplan for strekninga Slæn - Tvinno frå Statens Vegvesen.

Me meiner ny E16 gjennom Vossestrand må inkludera Vinje og eit samband med Myrkdalen, og ein framtidig Vikafjellstunell på R13.

Vårt innspel er å at det bør arbeidast vidare med planane for tunell mellom Tvinno og Vinje. Slik tek ein høgde for utviklinga i Myrkdalen og i regionen. Ei påkopling av Rv. 13 mot E16 kan med fordel gjerast ved ei forlenging av Myrkdalstunellen. Det vil løysa det rasfarlege området nedanfor elveosen og vera ein miljøtunell for Vinje sentrum.

Årsdøgntrafikken i år 2040 er stipulert til 4000 for Nærøydalen og 3000 for Myrkdalen. Det er rimeleg å tru at trafikken til og frå Myrkdalen periodevis vil overgå trafikken i Nærøydalen. (Delen av tungtransport vil naturlegvis vera større i Nærøydalen.) At lokaltrafikk, gåande og syklande, og den stadig aukande trafikken til Myrkdalen skal dela på den gamle og farlege vegen mellom Tvinno og Vinje, er urimeleg.

Det er lite som tyder på at Regjeringa satsar ekstra på finansiering av rassikring. Hylland - Slæn som primært er eit rassikringsprosjekt kan difor liggja langt fram i tid, sjølv om strekninga er prosjektert. Som eit tankeeksperiement skisserer me ein alternativ tunell for E16 direkte mellom Vinje og Stalheimsøyni i Nærøydalen, og vidare ein kortare rassikringstunell til Hylland.

Kart Tvinno - Vinje - Stalheimsøyni

Ei løysing via Vinje har tre hovudfordeler

  1. Den tek høgde for trafikkauken mot Myrkdalen, pluss regionsutvikling
  1. Den legg til rette for fornuftige ordningar for lokaltrafikk, gåande og syklande
  1. E 16 vil få ein vesentleg mindre høgdeskilnad. Dette medfører:
  • mindre energiforbruk og mindre transportkostnader og miljøbelastning
  • tryggare ferdsel i tunellane ved mindre bremsing og motorkraft. Mindre brannfare
  • ingen stamveg i dagen vinterstid på det som er det høgaste og mest utsette området – med tanke på brøyting og glatt vegbane

Samla vil vår løysing vera noko lengre, men fordelene er mange.

Hogdeprofilar 2019

 

Hylland - Slæn

Strekninga Hylland – Slæn har ferdig reguleringsplan, men er ikkje finansiert. Dette er primært eit skredsikringsprosjekt for E16 i Nærøydalen, og erstattar i tillegg dei bratte og smale tunellane under Sivle og Stalheim.

Slæn - Tvinno

Statens Vegvesen har uttalt at dei skal ha klart eit framlegg til kommunedelplan for ein framtidig trasé for E16 mellom Slæn og Tvinno i månadsskiftet september/oktober 2019, med behandling og utlegging til offentleg ettersyn før jul 2019.

Strekninga tilfredsstiller ikkje krava som gjeld for ein Europaveg, verken når det gjeld breidde eller kurvatur. Strekninga er òg utsett for flaum og skred. Om vinteren er det ofte framkomstproblem for større køyretøy, spesielt i Vinjadalen.

Statens Vegvesen skriv:
”E16 er ein del av det overordna vegnettet som gir Vest-Norge samband mellom viktige flyplassar, nasjonale hamner, jernbanenett og viktige næringsregioner for heile landet. I NTP 2014 – 2023 er den aktuelle strekninga ein del av transportkorridor 5, Oslo – Bergen/Haugesund med arm via Sogn til Florø. Denne korridoren består av mange ulike forbindelsar og er svært viktig for transport mellom Øst- og Vestlandet.”

Trafikk hovudvegar

E16 er den viktigaste transportåra mellom Oslo og Bergen

Rv. 13 er ein viktig regional veg nord–sør på det indre vestlandet. Vegen følgjer E16 på strekninga Voss – Vinje. Frå Vinje held rv. 13 fram nordover gjennom Myrkdalen og vidare over Vikafjellet til Vangsnes ved Sognefjorden. Rv. 13 vil vera nødvendig for å knyta nord og sør i nye Vestland fylke saman på ein effektiv måte. For Vik er denne vegen einaste ferjefrie alternativ.

Det er nedsett fartsgrense (50 og 60 km/t) på ca 1/3 av strekninga E16 Slæn – Tvinno. Hyppige trafikkontrollar ved Haugsvik og ved Sundve skule har vist at mange bilistar ikkje respekterer fartsgrensene gjennom lokalsamfunna. I perioden 2005 – 2014 vart det registrert 27 trafikkulykker med personskade på strekninga E16 Slæn - Tvinno. Av desse er det ei dødsulykke med ein drepen og ni ulykker med totalt 14 alvorleg skadde.

ulykkespunkt

Ulykkespunkt på strekninga Slæn – Tvinno

Myrkdalen er eit viktig hytte og friluftsområde, og skapar spesielt stor helgetrafikk langs E16 sør for Vinje og vidare for rv. 13 på strekninga Vinje - Myrkdalen. Trafikktal for strekninga Vinje – Myrkdalen viser ein ÅDT på 1400 køyretøy i 2018. Men kommunedelplanen for Myrkdalen har opna for ei mangedobling av talet på fritidsbustader med sengekapasitet på 16500 personar. Myrkdalen Fjellandsby har ambisjonar om utbygging til å bli ein av Noregs største vinterdesinasjonar.

Myrkdalen parkering

Myrkdalen legg opp til betydeleg vekst fram til 2040

ÅDT 2019

Illustrasjonen nedanfor viser årsdøgntrafikken (ÅDT) i området, slik den er i 2019. Innanfor strekninga er det ein betydeleg andel tungtrafikk (18-20%). E16 har best regularitet mellom Austlandet og Vestlandet på vinterstid, og langtransport utgjer tidvis ein endå større prosentdel. Stor turisttrafikk mellom fjordane om sommaren, og helge- og ferieutfart til Myrkdalen om vinteren, gjer at døgntrafikken toppar seg i periodar.

Trafikkmodell AATD E16 a

Prosjekt E16 Slæn – Tvinno

I Statens Vegvesen sitt planprogram for kommunedelplan E16 Slæn - Tvinno (2016) er det berekna årsdøgntrafikk for år 2042 slik:

  • Vinje - fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane: ca 4000
  • Vinje - Tvinno: ca 5400

Men samtidig er det ikkje berekna auka trafikk til Myrkdalen i 20-årsperioden, og det er heller ikkje teke høgde for trafikkauke i samband med påemna Vikafjellstunell på Rv. 13 og utvikling av regionen Vestland. Statens vegvesen skriv at det må gjerast ei berekning av dette.

I planarbeidet er det lagt fram alternativ der ein ikkje tek omsyn til utviklinga i Myrkdalen, og til regionsutvikling gjennom ein vintersikker veg til Vik kommune.

Trafikkmodell AATD E16 b

Nytt anslag med regional løysing

Eit forsiktig anslag tilseier ei dobling av ÅDT på Rv. 13 Myrkdalen i 2040. Det vil gje ein ÅDT mellom Tvinno og Vinje på omlag 7000.

Me meiner det einaste fornuftige vil vera å planleggja ei felles løysing for den lokale/regionale trafikken og gjennomfartstrafikken på E16 på denne strekkja. Dagens E16 mellom Tvinno og Vinje vil kreva omfattande opprusting for å oppnå tilstrekkeleg standard. Statens Vegvesen skildrar E16 Slæn – Tvinno slik:

  • Varierande vegbreidde/ standardsprang
  • Smale vegskuldrar
  • Smale grøfter
  • Til dels dårleg kurvatur
  • Mange kryss og avkøyrsler
  • Sig i vegbana

Strekninga er utsett for flaum og skred.”

Med andre ord ein farleg veg utan midstripe på lange parti, og ein dyr veg å vedlikehalda og opprusta for meir enn ein beskjeden lokaltrafikk.

Trafikkmodell AATD E16 c

I planprogrammet skriv Statens Vegvesen om sine prosjektmål for E16 Slæn-Tvinno:

”Samfunnsmål

Det er eit mål at tiltaket skal føre til betre framkomst, betre trafikktryggleik, betre miljø og gi eit universelt utforma vegnett.

Effektmål

  • Redusert reisetid i regionen og mellom landsdelar
  • Reduserte reisekostnader
  • Lågare ulykkesfrekvens
  • Betre og tryggare forhold for gåande og syklande
  • Universelt utforma vegnett
  • Val av trasé skal så langt det er mogleg ikkje redusere verdiar som ligg til grunn for vernet av vassdraga, og om mogleg unngå inngrep i område som har nasjonal eller regional verdi for naturmangfald, kulturminne og landskap.”

Alt dette tilseier at ein skal planleggja tunell-løysing mellom Vinje og Tvinno.

Region Vestland:

Vik og midtre del av Sogn med Hermansverk og Sognal vil gjennom ein Vikafjellstunell ha ein kortare veg til Voss og Bergen enn via Lærdal på E16. Myrkdalen vil vera eit viktig reisemål i regionen. Å ikkje knyta Rv. 13 til E16 ved Vinje svekkar kommunikasjonen regionalt. Rv. 13 skal òg fungera som omkøyrings- og avlastingsveg for E16.

Lågare ulykkesfrekvens og tryggare forhold for gåande og syklande:

Det seier seg sjølv at ei løysing med å behalda dagens veg for trafikken mellom Tvinno og Vinje/Myrkdalen ikkje betrar forholda mykje. Sjølv om ein får fjerna deler av tungtransporten, vil det vera ei svært dårleg løysing for gåande og syklande. Eksempelvis Sundve skule som ligg like ved E16.

Naturmangfald:

Vossavassdraget er verna, og ei omfattande opprusting langs Strandaelva er ikkje uproblematisk.