Folkeaksjonen sikker E16 Nærøydalen - Skulestadmo

Reguleringsarbeid pr. september 2019

Referat nr. 2 frå aksjonsgruppa sitt møte med Statens Vegvesen.

Strekninga frå Nærøydalen, Hylland – Slæn har ein ferdig reguleringsplan, men er ikkje finansiert. Dette er primært eit skredsikringsprosjekt, slik at strekninga ikkje er i direkte konkurranse med Slæn - Tvinno om løyvingar. Stenseth har tru på at denne strekninga vil koma først på plass.

Kommunedelplan for E16 Slæn – Tvinno:

Planområdet grensar opp til Nærøydalprosjektet, og det er ein fordel at ein unngår ein mellomsone utan planlegging. Målet er å ha eit framlegg til kommunedelplan som skal sendast over til kommunen i månadsskiftet september/oktober, med behandling og utlegging til offentleg ettersyn før jul 2019.

Tunellar over 10 km og årsdøgntrafikk over 4000, må etter dagens reglar ha parallell rømmingstunell. Det er kostbart, og difor har det kome krav om å ta inn alternative forslag med kortare tunell. Desse må ha kostnadsoverslag og ROS-analyse for deler av planen, før vegvesenet kan gjera ei endeleg prioritering og senda over forslaget til kommunen. Desse krava har også medført alternativ der ny E16 kjem ut i dagen på Vasstrondi. Aksjonsgruppa peika på dei uheldige sidene ved dagsone her. Statens vegvesen meiner ROS-analysen vil fanga opp dette i planarbeidet. Dei påpeikar at det er lagt ned eit stort arbeid i risikovurdering av dei ulike alternativa, ikkje minst når det gjeld klimatiske forhold og skilnadar med korte og lange tunellar. Omsynet til dyrka mark, jord- og skogbruk, friluftsliv, kulturarv, naturmangfald og landskapsbilde kjem inn i konsekvensutgreiinga. Alle faktorar blir bragt inn i ein heilskap med kostnadar for vegen, rasvurdering, reisetid både lokalt og regionalt osv. Kva lokal påvernkad dei ulike alternativa har, er òg eit punkt. Der er kommunen delaktig med sin lokalkunnskap.

I kostnadsoverslaget for Slæn – Tvinno skal ein gang- og sykkelveg mellom Vinje og Sundve vera med.

Det har vore ein silingsprosess der ein no står att med 10 reelle alternativ:

Kart over utgreidde alternativ inkl tilleggsalternativ

(Aksjonsgruppa har arbeidd med innspel og idéskisser, der noko av dette vart presentert på møtet. Meir om dette kjem i ein eigen artikkel.)

Offentleg ettersyn

Statens Vegvesen håpar aksjonsgruppa engasjerer seg også etter at plandokumentet kjem med tilrådd alternativ. Alle planar etter plan- og bygningslova skal ut til offentleg ettersyn. Denne planen skal leggjast ut av Voss Kommune. I ein slik prosess vil det bli dialogmøte og opne kontordagar der alle kan koma og meina noko om prosjektet. Dei oppfordrar til skriftlege merknader til prosessen før fristen er ute, og her vil aksjonsgruppa naturlegvis følgja opp.

Nasjonal transportplan (NTP)

I kommunedelplanarbeidet brukar ein leggja fram fleire alternativ på høyring, og så kjem vegvesenet si tilråding etterpå. Kommunedelplanen vil vera klar i god tid innan arbeidet med neste NTP i 2023. Statens vegvesen lokalt prioriterer denne vegstrekninga. Men Stenseth trur personleg at Nærøydalen kjem i gang først, fordi dette er eit skredsikringsprosjekt. Hylland – Slæn har vore inne i transportplanen, og reguleringsplanen er ferdig.

NTP er inndelt i ruter, og det som skjer på E16 i retning Bergen er med på å skyva Tvinno - Slæn ned på listene. I tillegg er det ei heil rekkje andre store vegprosjekt som òg kjempar om merksemda og midlane. Men vår del av E16 ligg høgt oppe på Statens vegvesen sine prioriteringar, vart det sagt.

Tunellmassar

Aksjonsgruppa stilte spørsmål om bruk av framtidige tunellmassar til å utbetra dagens E16. Vegvesenet sa dei ynskjer at massar kan bli brukt samfunnsnyttig, men bruken er avhengig av om det blir løyvd investeringsmidlar til utbetring av den gamle vegen. Krav om bruk av massar til utbetring av parti på den gamle vegen må ikkje forseinka eller stoppa ny E16. Det blir betydelege mengder stein. Fylkesmannen kan koma med krav om bruk. Det kan også koma massar frå eventuell rømmingstunell i tillegg.

Kortsiktige tiltak

Avslutningsvis spurde me om eit punkt som Holabrui ville bli utbetra sidan den knapt held standard for gul midtstripe. Svaret var at der det er 60-grense gjeld ikkje prosjektet "forsterka vegoppmerking" og argumentet med eit stort etterslep på vegar og bruer i regionen vart trekt inn.

Me etterlyste til slutt tiltak spesielt med tanke på Vinjadalen, så som dirigering og aktiv skilting med omsyn på trailertrafikk og vinterføre. Me fekk kontaktinformasjon til relevante personar innan drift og vedlikehald, sidan møtet ikkje var rett fora å ta opp dette temaet i.

Vidare?

Framover håpar aksjonsgruppa å vera på offensiven ovanfor lokal- og fylkespolitikarane som i stor grad legg premissane. Statens vegvesen seier det er lokalbefolkninga som kan påverka dei politiske prosessane, noko Statens vegvesen ikkje kan. Vegvesenet gjev innspel til prioriteringar, men det er vår jobb å påverka.

Det meste av vegutvikling har skjedd andre stader i landet og rundt byane. Det er ingen heilheitleg plan for Europavegane; alle slåst for sin vetle vegstump. No må me konsentrera arbeidet til å koma med innspel til reguleringsplanen når den er klar, og helst vera litt i forkant med argumentasjon og dokumentasjon.

Referat: Inge Draugsvoll

Les òg om Prosjekt for forsterka vegoppmerking på E16 Humlabrekke – Taulen og Tvinno – Løno

Aksjonsgruppa for ny veg mellom Skulestadmo og Sogn grense hadde møte med Statens Vegvense 27. juni 2019. Frå aksjonsgruppa møtte Arne Gilbakken, Inge Draugsvoll og Frode Nummedal. 

Frå Statens Vegvesen:

  • Terje Vidar Hoel (fungerande seksjonsleiar for trafikktryggleik i Statens vegvesen, område Voss og Hardanger)
  • Hilde Gunn Stenseth (kommunekontakt for Statens Vegvesen på Voss og planbestillar bl. a. for kommunedelplan Slæn – Tvinno)
  • Åsne Helleve (planleggingsleiar for E16 Slæn – Tvinno)
  • Kari Kinden (planbestillar på strekninga Humlabrekke – Taulen og Tvinno – Løno for forsterka vegoppmerking. Har også arbeidd med kommunedelplanen for Slæn – Tvinno.)