Folkeaksjonen sikker E16 Nærøydalen - Skulestadmo

Høyringsinnspel til Kommuneplan for Voss herad 2020 - 2032

Aksjonsgruppa for ny veg Nærøydalen–Voss starta i 2012 som eit privat initiativ frå innbyggjarar langs E16. Dette var i samband med ei av dei stygge trailerulykkene på strekninga Oppheim – Sundve. Gruppa arbeider med å dokumentera kor vanskeleg det kan vera å bruka vegen, og kor utfordrande det er å bu langs vegen. Eit døme er Vossestrand barne- og ungdomsskule som ligg kloss i det som er ein av hovudvegane mellom Austlandet og Vestlandet. 

Mykje av arbeidet vårt er oppsummert på www.sikkerveg.no

No konstaterer me at det som kanskje er det viktigaste temaet for innbyggjarane på Vossestrand og langs vegen nordover frå Skulestadmo, ikkje er berørt eller omtala i den nye kommuneplanen. Dette til trass for at gjeldande plan opna for utbygging av fritidsbustadar med samla sengekapasitet på 16 500 personar i Myrkdalen. Utbygginga medfører ein stadig auke i årsdøgntrafikken til Myrkdalen, frå 1400 køyretøy i dag, til omlag 3000 i år 2040.

I tillegg kjem ein generell trafikkauke og ein stor andel tungtrafikk på E16 gjennom Vossestrand. Årsdøgntrafikken frå Skulestadmo og nordover er i dag 4300, og den er stipulert til 7000 i år 2040 (inkludert trafikken til Myrkdalen).

Kommunen må ta høgde for utviklinga i Myrkdalen og i regionen. Me meiner ny E16 gjennom Vossestrand må inkludera Vinje og ei påkopling av Rv. 13 mot Myrkdalen.
I dette biletet høyrer òg ein framtidig Vikafjellstunell som skal vintersikra Rv. 13, binda regionen saman og vera ein viktig omkøyringsveg når det skjer ting på E16. Traséval for E16 som går innom Vinje må lyftast fram eit reelt alternativ, sjølv om Statens Vegvesen skulle ha andre prioriteringar. Det er urimeleg at lokaltrafikken, inkludert gåande og syklande, og stadig aukande trafikk til Myrkdalen, skal dela på den gamle og farlege vegen mellom Tvinno og Vinje.

Dagens E16 mellom Skulestadmo og Nærøydalen vil kreva omfattande opprusting for å oppnå tilstrekkeleg standard. Vegen tilfredsstiller ikkje krava som gjeld for ein Europaveg, verken når det gjeld breidde eller kurvatur. Strekninga er òg i faresonar for flaum og skred. Om vinteren er det ofte framkomstproblem for større køyretøy, spesielt i Vinjadalen.

Statens vegvesen sitt mandat kan bli å prioritera gjennomgangstrafikken til rimelegast mogeleg kostnad. Kommunen må argumentera og planleggja for løysingar som tener til innbyggjarane og regionen sitt beste. Dette burde vore peika på i kommuneplanen.

Voss, 20. desember 2019

Aksjonsgruppa for ny veg Nærøydalen – Skulestadmo
v/Jørn Helge Nordgård, Arne Gilbakken og Inge Draugsvoll