Folkeaksjonen sikker E16 Nærøydalen - Skulestadmo

Prosjekt for forsterka vegoppmerking på E16 Humlabrekke – Taulen og Tvinno – Løno

Det er løyvd 93 mill. kr i perioden 2018–2023 til forsterka vegoppmerking for E16.

6 mill. kr vart løyvd for 2018 og 10 mill. kr for 2019. Mest sannsynleg er det Humlabrekke – Taulen og Tvinno – Løno som får brorparten av totalsummen, sidan behovet er størst her.

Forsterka vegoppmerking krev ei opparbeidd vegbreidd på minst 7,5 m slik at det vert plass til midtstripe med sinusfresing (rumlefelt). Eventuelt frest kantoppmerking krev vegbreidd på 8,5 m. Gjennom løyvde midlar til forsterka vegoppmerking kan det gjerast ein del enkle tiltak med vegen i tillegg.

Ein må først og fremst oppnå tilstrekkeleg vegbreidd. I tillegg til breiddeutviding kan det vera siktutbetring og tilhøyrdande drenering, rekkverk osv. Kurver kan verta retta ut enkelte plassar, men det er ikkje ei omfattande vegutbetring ein snakkar om.

På strekingane våre er det utfordrande terreng, tett på elva og verna vassdrag. Tiltaka gjeld berre der det er over 70 km/t fartsgrense. Hjå oss gjeld dette stort sett område som ligg inne som vegføremål i gjeldande kommunedelplan for Oppheim - Lundarosen.

Vegvesenet har hatt formøte med Fylkesmannen og NVE. I denne prosessen går ein rett på prosjektering og Risiko og Sårbarheitsanalyse (ROS). Eventuell utarbeiding av kommunedelplan kjem berre ved behov. Ein vil i størst mogeleg grad unngå inngrep mot det verna vassdraget. Det er gjort ein del grunnboringar for å sjekka grunntilhøva med tanke på masseutskifting. Tanken er å få mest mogeleg ut av pengane og gjera strekninga tryggare.

Framdrifta er berre avhengig av korleis prosjekteringa går, det er ingen økonomiske eller politiske hindringar innanfor den ramma som er gjeven.

1024px Rumlefelt E 18