Folkeaksjonen sikker E16 Nærøydalen - Skulestadmo

Folkeaksjonen arbeider for ny og sikker E16 mellom Voss sentrum og Nærøydalen. Aksjonsgruppa starta i 2012 som eit privat initiativ frå innbyggjarar langs E16. Dette var i samband med ei av dei stygge trailerulykkene på strekninga Oppheim – Sundve. Målet var å påverka prosessen fram mot ny NTP, slik at strekninga kunne bli prioritert og utbetra.

I februar 2013 var det ein stor lokal aksjon med representantar frå Stortinget, fylket, og kommunar langs E16, og lokale innbyggjarar. Dette vart sidan følgt opp med fleire møte i Stortinget/samferdselskomiteen og med ulike samferdselsministrar og byråkratar.

Aksjonsgruppa arbeidar med påverking og informasjon, og å dokumentera kor vanskeleg det kan vera å bruka vegen, og kor utfordrande det er å bu langs vegen.

Aksjonsgruppa har jobba andsynes Statens vegvesen lokalt, bl.a. med ein tiltaksplan for utbetringspunkt på vegen, der gruppa kom med innspel på viktige punkt, spesielt frå Åsbrekke og nordover, men òg med tanke på busstoppar og utkøyringslommer. Aksjonsgruppa har i tillegg vore brukt som innspelspartnar av NAF og kommunen.

Meir om Folkeaksjonen